Til hovedinnhold

Svelgen Brannstasjon

Torsdag 5. juni var det offisiell opning av Svelgen Brannstasjon. Her var alle underleverandørar til stades, inkludert Ferstad Elektro, som har hatt ansvar for prosjektering og installasjon av det elektriske anlegget. Det inkluderer mellom anna belysning, varme, straumforsyning og tekniske løysingar knytt til kommunikasjon og alarmsystem.

Ferstad Elektro har brei kompetanse som gjer at vi i tillegg til ordinær elektroinstallasjon både kan prosjektere / bygge nødlysanlegg, brannalarmsystem og adgangskontroll utan ekstern tredjepart. Dermed kan vi utføre heile jobben sjølv og tilpasse oss tidsplanen.

God erfaring med Ferstad Elektro

Svelgen brannstasjon er eit unikt prosjekt, og eit godt samarbeid mellom fleire instansar. Det har vore fleire involverte, mellom anna nødetatane, entreprenør Jostein Eimhjellen, kommunen og andre lokale bedrifter. Jostein Eimhjellen er hovudentreprenør i prosjektet, og har drive med eigedomsutvikling i Svelgen i over 20 år. Han er godt nøgd med jobben som Ferstad Elektro gjer.

– Eg har brukt Ferstad Elektro i dei fleste av prosjekta mine gjennom mange år. Det er ein påliteleg gjeng som er dyktige i faget og leverer topp kvalitet til avtalt tid.  Alt i alt er eg godt nøgd med alle underleverandørane i prosjektet – frå elektrikarar til røyrleggarar – og kor godt dei har samarbeida på tvers av fag for å få dette prosjektet i hamn innanfor tidsramma. Det er eit stort pluss å nytte seg av lokale aktørar. Dei er ikkje langt vekke om ein treng hjelp, seier Jostein.

Den nye brannstasjonen blir ein viktig del av beredskapen i kommunen, og det betyr mykje for oss å kunne bidra med kompetanse og kunnskap. Vi har flinke folk på plass som gjer sitt for at jobben blir gjort skikkeleg og til rett tid.

Ferstad Elektro har også starta installering og montering av det elektriske i den andre halvdelen av bygget. Her skal den nye ambulansestasjonen komme.  

Den nye brannstasjonen i Svelgen opna 5. juni, og Ferstad Elektro er ein av underleverandørane i prosjektet.
Den nye brannstasjonen i Svelgen opna 5. juni, og Ferstad Elektro er ein av underleverandørane i prosjektet.
Ved inngangen står ei hovudtavle. Her kan dei brannkonstablane få full oversikt.
Ved inngangen står ei hovudtavle. Her kan dei brannkonstablane få full oversikt.
Etter uttrykning har brannkonstablane ein eigen inngang, der dei kjem inn i skitten sone og kan få av seg brukte uniformar og bli reine før dei kjem inn i resten av bygget.
Etter uttrykning har brannkonstablane ein eigen inngang, der dei kjem inn i skitten sone og kan få av seg brukte uniformar og bli reine før dei kjem inn i resten av bygget.
Brannstasjonen er utstyrt med rein og skitten sone, for å sikre eit trygt miljø for brannvesenet. Ferstad Elektro syt for at alt det elektriske er på plass i bygget.
Brannstasjonen er utstyrt med rein og skitten sone, for å sikre eit trygt miljø for brannvesenet. Ferstad Elektro syt for at alt det elektriske er på plass i bygget.
Garderobane er utstyrt med nødlys og bygget har eige strømaggregat ved straumbrot.
Garderobane er utstyrt med nødlys og bygget har eige strømaggregat ved straumbrot.
Garasjen er stor og romsleg. Her er elektriske portar med sensorar, karbonsensor tilkopla ventilasjonsanlegget. I tillegg er det installert flyttbare ladarar til nødetatane sine framkomstmiddel, for å fleksible lademoglegheiter.

Fleksibel ladeinfrastruktur gjer det enkelt å lade framkomstmidla der dei er.
Fleksibel ladeinfrastruktur gjer det enkelt å lade framkomstmidla der dei er.
Det tekniske rommet er knutepunktet for elektrisk og ventilasjon. Her er det samla i et lyst og ryddig areal.